Sandane er kjend for å vere ei utfordrande bane, samt ei mektig panoramautsikt mot Eidsfossen, Gloppenelva og Ryssdalshornet i bakgrunnen. Golfbana er omkransa av Gloppenelva, som er ei god lakseelv, så her vil du ofte sjå ivrige laksefiskarar gjennom heile fiskesesongen.
Fleire hol har smale fairwayar med vasshinder, høg rough eller out of bounds langs sidene, samt små greenar som ofte hallar frå deg. Dette gjer det vanskeleg å få ein høg treffprosent på greenane (GIR). Etter ei golfrunde på Sandane, vil som regel både medlemmar i golfklubben og gjestespelarar vere fornøgd med ein score i buffersona. Det er kanskje krevjande å spele seg ned i handicap (hcp) på Sandane, men vi håpar du tar utfordringa!
Hol 1
HOL 1 – PAR 4 – INDEX 7/8
Gul: 286 meter
Rød: 237 meter
Golfrunda startar med eit par 4 hol dogleg venstre. Fairway på hol 7 kryssar hol 1 mellom gul og raud tee. Spelar på hol 7 har vikeplikt for spelar på hol 1. I forkant av raud tee står ei furu som skuggar for deler av fairway. Eit godt utslag vil vere over eller til venstre for dette treet. Om du hamnar i roughen, er det svært vanskeleg å finne igjen ballen, for ikkje å snakke om å slå den ut igjen på fairway. Det gjeld med andre ord å halde seg på fairway eller i semi-rough. Med vasshinder og bunker i bakkant av green, bør ikkje innspelet slåast for langt.
Hol 2
HOL 2 – PAR 3 – INDEX 15/16
Gul: 122 meter
Rød: 112 meter
Dette er tilsynelatande eit enkelt par 3 hol, men her kan små feil gje store utslag. Det er bunker både i forkant og bakkant av green, som er svært ondulert frå venstre til høgre. Om utslaget landar til godt innpå og til høgre på greenen, vil ballen som regel trille av greenen og i verste fall hamne i bunkeren. Om du slår for langt, får du ein krevjande chip eller putt tilbake. Det tryggaste er å halde utslaget kort til venstre. Spelar på hol 2 har vikeplikt for spelar på hol 3.
Hol 3
HOL 3 – PAR 3 – INDEX 11/12
Gul: 155 meter
Rød: 114 meter
Dette er eit nokså smalt hol med sidevasshinder langs heile venstresida, samt eit vasshinder i enden av fairway som har slukt eit utal av ballar. I tillegg er det eit vasshinder i bakkant av green, som fangar opp utslag som blir slått for langt. Det er nokså god plass rundt greenen, men det lønner seg å halde litt til venstre om utslaget ikkje landar på greenen. Om utslaget hamnar til høgre for greenen, får du ein vanskeleg chip i oppoverbakke.
Hol 4
HOL 4 – PAR 3 – INDEX 13/14
Gul: 130 meter
Rød: 118 meter
Eit kort par 3 med sidevasshinder på begge sider av fairway, samt vasshinder i bakkant av green. I tillegg er det ein lang og flat bunker til venstre for greenen. Her gjeld det med andre ord å slå beint. Greenen hallar litt i frå, så eit langt utslag kan ofte sprette av greenen om bana er tørr. Når du kjem fram til greenen, får du ei nydeleg utsikt med Gloppenelva rett nedanfor og flotte fjell i bakgrunnen. Gloppenelva er ei god lakseelv, så her vil du ofte sjå ivrige laksefiskarar gjennom heile fiskesesongen.
Hol 5
HOL 5 – PAR 4 – INDEX 5/6
Gul: 170 meter
Rød: 152 meter
Par 4 på 170 meter og 28 høgdemeter frå gul tee. Sjølv om hol 5 ikkje har lavast indeks, reknar dei fleste dette holet som det vanskelegaste holet på bana. Fairway er nokså brei, men den smalnar inn mot greenen. Høg rough på begge sider. Om du ikkje vil gamble ved å gå for greenen, er det fornuftig å dele opp holet. Men sjølv om du deler opp holet, får du eit blindt innspel mot greenen som hallar kraftig mot utslaget og frå venstre til høgre. Om du slår forbi greenen, får du ein svært krevjande chip tilbake. Spelar på hol 5 har vikeplikt for spelar på hol 6.
Hol 6
HOL 6 – PAR 4 – INDEX 1/2
Gul: 301 meter
Rød: 234 meter
Hol 6 er eit par 4, dogleg høgre med smal fairway. Her er det out of bounds (OB) langs venstre side og eit beite med høg rough på høgre side. Om du slår ballen over gjerdet til høgre, vil den som regel vere tapt. Nokre store tre langs høgre kanten av fairway vil ofte blokkere for innspelet ved korte utslag. Det beste utslaget vil vere oppå bakketoppen, som vil gje eit innspel med stor høgdeforskjell ned mot ein green som hallar frå deg. Det kan likevel lønne seg å slå litt for langt, for å få eit motbakkeputt. Her får du panoramautsikt mot Eidsfossen, Gloppenelva og Ryssdalshornet i bakgrunnen.
Hol 7
HOL 7 – PAR 4 – INDEX 3/4
Gul: 288 meter
Rød: 258 meter
Dette er eit par 4, dogleg venstre med nokså stor høgdeforskjell frå gul tee til fairway. Fairway er nokså romsleg ved eit godt utslag, men ei høg gran kan blokkere innspel mot green om du hamnar til venstre i fairway. Ein liten bakkekant kan gje eit blindt innspel, men frå midten av fairway vil du som regel kunne sjå flagget. Mose i skogbotnen kan føre til at du mistar ballen om du slår innspelet for langt, samtidig som greenen ofte er hard og lite mottakeleg.
Hol 8
HOL 8 – PAR 3 – INDEX 17/18
Gul: 90 meter
Rød: 63 meter
Eit kort par 3 hol og det enklaste holet på bana. Om du ikkje slår svært høgt, blokkerer ei høg rogn venstresida av greenen. Ein bunker vil fange opp dei fleste ballar som hamnar litt kort til høgre for greenen. Flaggplasseringa er avgjerande for kor vanskeleg holet er, men det vil som regel lønne seg å sikte mot midten av greenen.
Hol 9
HOL 9 – PAR 4 – INDEX 9/10
Gul: 180 meter
Rød: 140 meter
Dette er eit kort par 4, med 90 grader dogleg høgre. Utslaget krev presisjon for å få eit lett innspel, samt å unngå out of bounds (OB) og vasshinder. Du bør fram i svingen for å få eit fritt innspel, samtidig som du bør unngå å legge deg rett bak treet som står midt i fairway. Greenen hallar litt vekk frå deg, så innspelet bør vere litt kort av flagget.
Last ned slopetabell (PDF)
Slopetabell damer
Slopetabell herrer
Last ned Scorekort (PDF)