• Skip to primary navigation
  • Skip to main content
  • Skip to primary sidebar
  • Skip to footer
Sandane golfklubb

Sandane golfklubb

Velkomen til Sandane

  • Framside
  • Bana
    • Baneguide
    • Flyby hol for hol
    • Slopetabell
    • Lokale reglar
    • Greenfee og prisar
  • Simulator
  • Klubben
    • Veien til golf
    • Bli medlem
    • Damegolf
    • Styret i klubben
    • Komitear
    • Grasrotandelen
    • Hole in one
    • Følg oss på Facebook
  • Turneringar
    • Terminliste
    • NordVest Tour
    • Pink Cup
    • Matchplay
  • Klubbhus
    • Bildegalleri frå bygging av klubbhus
    • Leige av selskapslokale
  • Aktuelt
  • Kontakt oss

Leige av selskapslokale på Sandane

Ønskjer du å leige eit flott og moderne selskapslokale til ei feiring? Sandane golfklubb leiger ut selskapslokale i hovudetasjen av klubbhuset ved golfbana på Eide. Lokalet har eit godt utstyrt kjøkken, garderobe, to toalett og eit flott selskapslokale med plass til omlag femti personar.

Klubbhuset som vart opna i sommaren 2021 ligg fantastisk til ved Eidsfossen og er allereie blitt eit populært lokale for bursdagar, konfirmasjonar, julebord, sommarfest eller møterom for bedrifter. Dette er eit handikapvennleg selskapslokale med handikaptoalett og tilkomst med rullestolrampe.

Klubbhuset ligg fint til ved Eidsfossen med utsikt mot Ryssdalshornet, elva og hol 9 på golfbana. Foto: Bjørnar Aske

Utanfor klubbhuset er det ein svært stor overbygd veranda der gjestane kan nyte frisk luft og nydeleg utsikt mot fossen, elva, golfbana og Ryssdalshornet. Her er også ein gassgrill, for dei som ønskjer å grille til gjestane. Drivingrangen er også tilgjengeleg for dei gjestane som ønskjer å prøve golf. Betalingsautomaten tar kort. Golfklubben kan ordne med golfkøller om ønskeleg, men dette må avtalast på førehand.

Delvis overbygd drivingrange der selskapsgjester kan prøve golf om dei vil. Foto: Bjørnar Aske

Kjøkkenet har alt du treng med tre store kjøleskap, ein skapfrys og bestikk og service til 40 personar. Det er tilgang til WiFi og ein TV på 75″ med moglegheit for tilkopling. Temperaturen er regulert med varmepumpe. Dukar må de ha sjølve.

Selskapslokalet ligg ved ei golfbane som er i flittig bruk. Av omsyn til sikkerheita bør du som vert informere selskapet om at ein må ha nødvendig kurs og ha betalt greenfee for å gå ut på bana.   

Prisar

Møte inntil fire timar man-tors: kr 1000,-
Kveld helg: kr 2000,-
Dagtid helg (med dekking dagen før): kr 2500,-
Heile helga (fre-søn): kr 3500,-

Vask av lokalet er ikkje inkludert. De kan vaske sjølv eller vi kan gjere det for kr 500,-  Nærare instruksar angåande vask og opprydding står i kontrakta.

Booking

Alle som ønsker å leige lokalet inngår avtale om leige under vilkåra i leigeavtalen. Klikk her for å laste ned leigeavtalen.

Vi jobbar med å få på plass ei bookingløysing. I mellomtida kan du sende forspørsel til post@sandanegolf.no eller ta kontakt med ein av kontaktpersonane i husstyret.

Sølvi Utheim, mob. 95027006
Tore Støylen, mob. 90967010
Per Ove Fossheim, mob. 97570583

Primary Sidebar

Logo Systemintegrering AS







Footer

GolfboxGløymt passord?

Støtt oss med din grasrotandel

Ved spel hjå Norsk Tipping vil inntil 7 % av innsatsen gå direkte til din grasrotmottakar. Du kan bli grasrotgjevar på ein av følgjande måtar: hjå kommisjonæren, på Norsk Tipping sine nettsider eller ved å sende SMS med «Grasrotandelen 993603015» til 60000.

Les meir om Grasrotandelen på Norsk Tipping sine nettsider.

Sandane golfklubb

Eidsvegen 68, 6823 Sandane
Vegbeskriving frå Sandane
(+47) 90742783
Send oss ein e-post
Følg oss på FacebookKontonr. 3705.04.72044
Org.nr. NO 993603015 MVA
Vil du bli sponsor?

Opphavsrett © 2023 Sandane golfklubb · Design og utvikling: Innholdspartner AS