Turneringskomitè
Margunn Evebø
Leiar i komiteen
margunn.evebo@enivest.net
982 48 102
Komitémedlemmar:
Karl Erik Utheim
Kjell Martin Nyheim
Ola Steinar Hestenes
Øyvind Fjellestad Tystad
NordVest Tour (NVT)
NordVest Tour (NVT) er eit samarbeid mellom 8 golfklubbar frå Sunnfjord GK i sør til Ålesund GK i nord. Totalt består touren av 8 turneringar hjå dei forskjellige golfklubbane. Dette er ei sosial og kjekk turnering som passar alle golfspelarar, uansett nivå. Klikk på lenka nedanfor for meir informasjon om terminliste, turneringsformat og påmelding.
Pink Cup
Pink Cup er eit samarbeid mellom Kreftforeningen, norske golfklubbar og Norges golfforbund (NGF), der inntektene frå turneringa og andre aktivitetar er øyremerka brystkreftsaka. Årleg får rundt 3000 kvinner diagnosen brystkreft. Det gjer sjukdomen til den hyppigaste kreftforma blant kvinner. 80 % av dei som får diagnosen er over 50 år, men også yngre kvinner og menn kan rammast.