• Skip to primary navigation
  • Skip to main content
  • Skip to primary sidebar
  • Skip to footer
Sandane golfklubb

Sandane golfklubb

Velkomen til Sandane

  • Framside
  • Bana
    • Baneguide
    • Flyby hol for hol
    • Slopetabell
    • Lokale reglar
    • Greenfee og prisar
  • Simulator
  • Klubben
    • Veien til golf
    • Bli medlem
    • Damegolf
    • Styret i klubben
    • Komitear
    • Grasrotandelen
    • Hole in one
    • Følg oss på Facebook
  • Turneringar
    • Terminliste
  • Klubbhus
    • Bildegalleri frå bygging av klubbhus
    • Leige av selskapslokale
  • Aktuelt
  • Kontakt oss

Et slag mot kreft

Publisert 19. juni 2022 av Bjørnar Aske

Eit slag mot kreft er ei turnering til inntekt for kreftsaka. Alle inntekter denne dagen gjekk til Kreftforeningen som vidareformidlar inntektene til forsking på kreft med spreiing. Det vart samla inn over 17.000 kroner.

Supannee hadde laga fantastiske vårrullar til sal i kiosken. Andre hadde laga kake og vafler.

Janne Iren Kjørvik, Supannee Støylen og Anita Helgheim.

Det var gode speleforhold og strålande stemning med heile 42 påmeldte til turneringa. Paul Rune Daviknes var sporty nok til å hive seg med utan å ha prøvd golf før. Det var også fleire potensielle golfspelarar i frå Lote-slekta. Vi vonar vi ser dei att på golfbana!

Paul Rune Daviknes var sporty og heiv seg med ein time før start.

Om du klikkar deg inn på resultatlista under, kan du sjå kvart gruppe sitt enkelt scorekort.
Resultatliste – Et slag mot kreft

Paul Rune Daviknes fikk utdelt ein ryggsekk frå Sparebanken Sogn og Fjordane frå Margunn Evebø.
Per Andenæs følgjer prisutdelinga.
Margunn Evebø, Dorthea Evebø, Oddbjørn Vee og Anita Helgheim på hol 3.
Marin Andenes og Oddbjørg Lee er ivrige golfarar.
Mads Wie, Gudmund Wie og Nils Egil Moritsgård.
Gunnar Kjørvik til venstre var nærast holet på hol 8 og vann dermed konkurransen «closest to pin».
Karl Erik Utheim stod for premieutdelinga.
Noah Roth Andenæs, Markus Utheim, Lars Roth-Andenæs og Håkon Bøe.
Nils Heggheim og Arvid Lote.
Jonas Arnestad får overrekt ein paraply av Margunn Evebø som premie for mest presist slag på hol 6.

Primary Sidebar

Logo Systemintegrering AS







Footer

GolfboxGløymt passord?

Støtt oss med din grasrotandel

Ved spel hjå Norsk Tipping vil inntil 7 % av innsatsen gå direkte til din grasrotmottakar. Du kan bli grasrotgjevar på ein av følgjande måtar: hjå kommisjonæren, på Norsk Tipping sine nettsider eller ved å sende SMS med «Grasrotandelen 993603015» til 60000.

Les meir om Grasrotandelen på Norsk Tipping sine nettsider.

Sandane golfklubb

Eidsvegen 68, 6823 Sandane
Vegbeskriving frå Sandane
(+47) 90742783
Send oss ein e-post
Følg oss på FacebookKontonr. 3705.04.72044
Org.nr. NO 993603015 MVA
Vil du bli sponsor?

Opphavsrett © 2023 Sandane golfklubb · Design og utvikling: Innholdspartner AS