• Skip to primary navigation
  • Skip to main content
  • Skip to primary sidebar
  • Skip to footer
Sandane golfklubb

Sandane golfklubb

Velkomen til Sandane

  • Framside
  • Bana
    • Baneguide
    • Flyby hol for hol
    • Slopetabell
    • Lokale reglar
    • Greenfee og prisar
  • Simulator
  • Klubben
    • Veien til golf
    • Bli medlem
    • Damegolf
    • Styret i klubben
    • Komitear
    • Grasrotandelen
    • Hole in one
    • Følg oss på Facebook
  • Turneringar
    • Terminliste
  • Klubbhus
    • Bildegalleri frå bygging av klubbhus
    • Leige av selskapslokale
  • Aktuelt
  • Kontakt oss
Flott dugnadsinnsats

Flott dugnadsinnsats

Publisert 11. mai 2018 av Bjørnar Aske

Det er mange medlemmer i golfklubben som lagt ned svært mange dugnadstimar og som fortener ein medalje for innsatsen. Er det likevel lov å sei at nokon også har gjort seg fortent til ein gullmedalje?

Det kan fort bli urettferdig å framheve nokon sin innsats, spesielt når ein ikkje har full oversikt over kven som har bidratt med kva. Likevel trur eg at du er einig i at styremedlammane fortener ekstra skryt etter å ha lagt ned ein formidabel innsats over lang tid.

Styreleiar Harald Buene, nestleiar Tore Støylen og kasserar Margunn Evebø har brukt svært mykje tid på å sette seg inn i alt frå stønadsordningar til byggjeføreskrifter, samt skrive søknadar og mykje anna arbeid. I tillegg har dei lagt ned utallige dugnadstimar på kvar sine felt.

Kjell Jacobsen fortener utvilsamt ei utmerking for sin dugnadsinnsats. I haust/vinter brukte han ei veke på å grave ut og planere tomta, samt grave grøfter til rør. I tillegg installerte han og Tore Støylen den nyinnkjøpte golfsimulatoren, til glede for mange av medlemmane i klubben. Han har også lagt ned utallige dugnadstimar i vår, mellom anna på snekkering. Rykta skal ha det til at han har gått til innkjøp av ein dyr drill frå Makita, så han blir nok å sjå på dugnadane framover også.

I vinter vart golvet i underetasjen støypt av Re-Bygg og Didrik Eide. Deler av forskaling, isolering og armering er utført på dugnad av klubbmedlemmene. I perioden frå 28. november til 6. desember vart veggane støypte. Deretter var det stopp i arbeidet til midten av januar på grunn av snø og kulde. Torsdag 25. januar var forskaling og armering til betongtaket i kjellaren ferdig og fredag 26. januar vart betongarbeidet utført.

Dugnad i vår

Nedanfor kan du sjå Mads Klausen, Heidi Fure Klausen og Oddbjørn Vee som plukkar stein. Didrik Eide og underteikna var også med på dette. Ikkje akkurat ei glamorøs oppgåve, men likefullt viktig for både klippemaskiner og golfutstyr. Og med humøret til Oddbjørn Vee, går det meste som kjent ganske fint.

Tore Støylen har fungert som byggjeleiar og fordelt arbeidsoppgåver når det har vore dugnad i kjellaren. På eit av bilda her, kan du sjå Tore Støylen, Jeffrey Thomas og Kjell Jacobsen, som sette opp stenderar og gipsplater. På eit anna bilete kan du sjå Sølvi Utheim, Karl-Erik Utheim og Kjell Baadstø som isolerte til den store gullmedalje. For Kjell Baadstø og Jan Arve Frøyset var bankpapir bytta ut med isolasjon frå Glava denne måndagen.



Primary Sidebar

Logo Systemintegrering AS







Footer

GolfboxGløymt passord?

Støtt oss med din grasrotandel

Ved spel hjå Norsk Tipping vil inntil 7 % av innsatsen gå direkte til din grasrotmottakar. Du kan bli grasrotgjevar på ein av følgjande måtar: hjå kommisjonæren, på Norsk Tipping sine nettsider eller ved å sende SMS med «Grasrotandelen 993603015» til 60000.

Les meir om Grasrotandelen på Norsk Tipping sine nettsider.

Sandane golfklubb

Eidsvegen 68, 6823 Sandane
Vegbeskriving frå Sandane
(+47) 90742783
Send oss ein e-post
Følg oss på FacebookKontonr. 3705.04.72044
Org.nr. NO 993603015 MVA
Vil du bli sponsor?

Opphavsrett © 2023 Sandane golfklubb · Design og utvikling: Innholdspartner AS