• Skip to primary navigation
  • Skip to main content
  • Skip to primary sidebar
  • Skip to footer
Sandane golfklubb

Sandane golfklubb

Velkomen til Sandane

  • Framside
  • Bana
    • Baneguide
    • Flyby hol for hol
    • Slopetabell
    • Lokale reglar
    • Greenfee og prisar
  • Simulator
  • Klubben
    • Veien til golf
    • Bli medlem
    • Damegolf
    • Styret i klubben
    • Komitear
    • Grasrotandelen
    • Hole in one
    • Følg oss på Facebook
  • Turneringar
    • Terminliste
  • Klubbhus
    • Bildegalleri frå bygging av klubbhus
    • Leige av selskapslokale
  • Aktuelt
  • Kontakt oss

Golftur til Atlungstad

Publisert 4. mai 2019 av Margunn Evebø

Her kjem litt informasjon om turen til Atlungstad Golfklubb 31.05 – 02.06.

 

Det er no 17 medlemmer som er påmelde til turen. Påmelding seinare går fint, men i løpet av første veka i mai bør vi ha meldt frå til Atlungstad slik at dei kan reservere starttider til oss.

For dei som skal bu på Fjetre Gard er prisne der kr 600 pr natt. Det er avtala fredag til søndag men om nokon ønskjer å reise onsdag eller torsdag går nok det også greit. Vi sjekkar dette om det er av interesse. Av golfklubben fekk vi tilbod om kr 1.200 for fritt spel fredag-søndag, samt kr 500 avslag for tilpassing av utstyr om nokon ønskjer å kjøpe nytt utstyr. Pro Gabriella Gundersrud kan anbefalast på det sterkaste. Avtale for tilpassing av utstyr må kvar enkelt eventuelt avtale direkte med henne.

Dei vi har notert for overnatting på Fjetre pr idag er:

Anita, Margunn, Bjarte, Didrik, Per-Helge,Jens, Kjell Arne, Rolf,Viktor, Finn og Kjell B. Her har vi ein ledig plass. Det går fint å parkere bubil/campingvogn like ved Fjetre Gård.

Geir Magne, Magnus, Tore og Supannee bur på Astoria og Ola Steinar og Oddbjørn bur privat.

For dei som framleis ikkje har meldt seg på, er det ikkje for seint. Dette blir ei fantastisk helg på ei fantastisk bane for golfarar på alle nivå. Nybyrjarar er akkurat like velkomne som alle andre. Berre å melde seg på!

Primary Sidebar




Logo Systemintegrering AS




Footer

GolfboxGløymt passord?

Støtt oss med din grasrotandel

Ved spel hjå Norsk Tipping vil inntil 7 % av innsatsen gå direkte til din grasrotmottakar. Du kan bli grasrotgjevar på ein av følgjande måtar: hjå kommisjonæren, på Norsk Tipping sine nettsider eller ved å sende SMS med «Grasrotandelen 993603015» til 60000.

Les meir om Grasrotandelen på Norsk Tipping sine nettsider.

Sandane golfklubb

Eidsvegen 68, 6823 Sandane
Vegbeskriving frå Sandane
(+47) 90742783
Send oss ein e-post
Følg oss på FacebookKontonr. 3705.04.72044
Org.nr. NO 993603015 MVA
Vil du bli sponsor?

Opphavsrett © 2023 Sandane golfklubb · Design og utvikling: Innholdspartner AS