• Skip to primary navigation
  • Skip to main content
  • Skip to primary sidebar
  • Skip to footer
Sandane golfklubb

Sandane golfklubb

Velkomen til Sandane

  • Framside
  • Bana
    • Baneguide
    • Flyby hol for hol
    • Slopetabell
    • Lokale reglar
    • Greenfee og prisar
  • Simulator
  • Klubben
    • Veien til golf
    • Bli medlem
    • Damegolf
    • Styret i klubben
    • Komitear
    • Grasrotandelen
    • Hole in one
    • Følg oss på Facebook
  • Turneringar
    • Terminliste
  • Klubbhus
    • Bildegalleri frå bygging av klubbhus
    • Leige av selskapslokale
  • Aktuelt
  • Kontakt oss

Harald presenterte klubben vår på Golfforum

Sist oppdatert 1. desember 2018 av Margunn Evebø

 

Helga 10. og 11. november var leiaren vår på Golfforum på Gardermoen. Her fekk han presentere klubben vår frå starten i 1999 og fram til idag. For oss har det vore viktig å byggje stein på stein og ikkje har for mange prosjekt under arbeid på ein gong. Dette har ført til at vi no saman med baneeigar Didrik har fått utvikla ei fin bane.

Då vi var ferdige å lage 9 hol på bana vår, var neste steg å byggje klubbhus. Etter planlegging og søknadsprosess som vi starta allereie for over 5 år sidan, er vi no komne så langt at vi i løpet av denne vinteren og våren håpar å ha klubbhuset ferdig. For utviklinga av klubben er dette svært viktig.  Viktig er det og at Harald Buene har teke trenar 2 utdanning slik at vi har ein trenar som er kvalifisert til å hjelpe både nybyrjarar og oss som har spelt ei stund med å forbetre spelet vårt.

I tillegg til desse prosjekta startar vi no arbeidet med å få mange av dei som har teke kurs til å bli aktive golfarar. Dette gjer vi ved at alle dei som spelar mykje golf i dag tek vel i mot dei nye og inkluderer dei i miljøet. Det skal vere kjekt å spele golf og i vår klubb er det like viktig å ha det artig på bana som å få den lavaste scoren på runda.

 

Her er Oddy eit eksempel på at det er betre å le enn gråte når ein må bruke x antal slag i bunker før ein har fått ballen på green.

Primary Sidebar



Logo Systemintegrering AS





Footer

GolfboxGløymt passord?

Støtt oss med din grasrotandel

Ved spel hjå Norsk Tipping vil inntil 7 % av innsatsen gå direkte til din grasrotmottakar. Du kan bli grasrotgjevar på ein av følgjande måtar: hjå kommisjonæren, på Norsk Tipping sine nettsider eller ved å sende SMS med «Grasrotandelen 993603015» til 60000.

Les meir om Grasrotandelen på Norsk Tipping sine nettsider.

Sandane golfklubb

Eidsvegen 68, 6823 Sandane
Vegbeskriving frå Sandane
(+47) 90742783
Send oss ein e-post
Følg oss på FacebookKontonr. 3705.04.72044
Org.nr. NO 993603015 MVA
Vil du bli sponsor?

Opphavsrett © 2023 Sandane golfklubb · Design og utvikling: Innholdspartner AS