Då er golfsesongen i gang i strålande ver. Baneeigar melder om nyslegne greenar idag og opning av drivingrangen vert førstkomande laurdag (06.04)
Turneringskomiteen er nærast klare med terminlista fram til ferien. Det einaste som ikkje er avklare er Fjordacup. Vi har sett av ei helg til kvalifisering og ei helg til ei eventuell første runde her på Sandane. Men her kjem vi tilbake med meir informasjon så snart det er avklara.
Turneringsoppsettet i Golfboks er ikkej på plass endå så difor legg vi ved ein oversikt:
Rustsvingen vert i år arrangert 27. 04 kl 16, i år som Texas Scramble over 9 hol med sosial samling på Eidestabburet etterpå. Men sidan veret er så bra no prøvar vi å få til ei turnering i påska. Kjem med meir info.
Matchplay 2019 : her kjem vi med informasjon om påmelding
I tillegg til terminliste første halvdel av sesongen er det og sett dato for klubbmesterskap 2019.
Klubbmesterskapet vert arrangert 24.08.19
Turneringskomiteen