• Skip to primary navigation
  • Skip to main content
  • Skip to primary sidebar
  • Skip to footer
Sandane golfklubb

Sandane golfklubb

Velkomen til Sandane

  • Framside
  • Bana
    • Baneguide
    • Flyby hol for hol
    • Slopetabell
    • Lokale reglar
    • Greenfee og prisar
  • Simulator
  • Klubben
    • Veien til golf
    • Bli medlem
    • Damegolf
    • Styret i klubben
    • Komitear
    • Grasrotandelen
    • Hole in one
    • Følg oss på Facebook
  • Turneringar
    • Terminliste
  • Klubbhus
    • Bildegalleri frå bygging av klubbhus
    • Leige av selskapslokale
  • Aktuelt
  • Kontakt oss
Systemintegrering AS – ein ny hovudsponsor for golfklubben

Systemintegrering AS – ein ny hovudsponsor for golfklubben

Publisert 20. juni 2018 av Bjørnar Aske

Sandane golfklubb har inngått ein hovudsponsoravtale med Systemintegrering AS, som skal levere eit brukarvennleg og allsidig system for tilgangskontroll til det nye klubbhuset. Verksemda driv med sal og installasjon av styresystem og andre løysingar innanfor byggautomasjon.

Systemintegrering AS held til i Florø og vart etablert i 2017, som ei vidareføring av verksemda Eide Systemintegrering som vart etablert i 2013. Verksemda har spesialisert seg på smarthus og automasjon innan bustad og næringsbygg.

Ein totalleverandør innan byggautomasjon

– Tilgangskontroll som vi leverer til det nye klubbhuset til Sandane golfklubb, er berre ein liten del av det vi driv med, fortel dagleg leiar Tor Even Eide. – Vi tilbyr alt av byggautomasjon, inkludert multimedia, lys, varme og sikkerheitsløysingar for både private heimar og næringsbygg. Kort sagt leverer vi alt frå enkle system med styring av lys og varme, til komplekse totalsystem der alt er integrert.

Fokus på brukarvennlege løysingar

I følgje dagleg leiar Tor Even Eide, fokuserer verksemda på å levere rimelege system som kan styrast frå ein brukarvennleg mobilapplikasjon eller ein nettstad. – Som huseigar skal du sleppe å bytte mellom fleire applikasjonar for å kontrollere lys, tilgang og varmepumpe. Vi leverer utvalte produkt som kan styrast frå eit system og kan difor tilby totalpakkar med multimediautstyr som høgtalarar og forsterkarar frå KEF og Marantz, solskjerming frå Luxaflex og varmepumper frå Mitsubishi Electric, fortel Eide.

Under følgjer ei oversikt over kva Systemintegrering leverer:

  • Lys
  • Varme (varmekablar, varmepumpe og vassboren varme)
  • Solskjerming
  • Multimedia
  • Værstasjon
  • Brannvarsling
  • Innbrot
  • Energioverføring
  • Tilgangskontroll
  • Sikkerheit / kameraovervaking

Om du treng solskjerming eller eit nytt stereoanlegg, oppmodar vi deg til å ta kontakt med Tor Even Eide i Systemintegrering AS.

Tor Even Eide
Dagleg leiar, Systemintegrering AS
(+47) 900 38 006
post@systemintegrering.no

Les meir på www.systemintegrering.no eller følg Systemintegrering på Facebook!

Primary Sidebar



Logo Systemintegrering AS





Footer

GolfboxGløymt passord?

Støtt oss med din grasrotandel

Ved spel hjå Norsk Tipping vil inntil 7 % av innsatsen gå direkte til din grasrotmottakar. Du kan bli grasrotgjevar på ein av følgjande måtar: hjå kommisjonæren, på Norsk Tipping sine nettsider eller ved å sende SMS med «Grasrotandelen 993603015» til 60000.

Les meir om Grasrotandelen på Norsk Tipping sine nettsider.

Sandane golfklubb

Eidsvegen 68, 6823 Sandane
Vegbeskriving frå Sandane
(+47) 90742783
Send oss ein e-post
Følg oss på FacebookKontonr. 3705.04.72044
Org.nr. NO 993603015 MVA
Vil du bli sponsor?

Opphavsrett © 2023 Sandane golfklubb · Design og utvikling: Innholdspartner AS