Vi arrangerer sosial kveld med uformell lagturnering komande laurdag kl 19. Denne gongen blir det deltakaravgift på 100 kr, inntekta går til det flotte klubbhuset vi har under oppføring!
Vi håpar på godt oppmøte og god stemning!
Velkomen til dugnad på klubbhuset
Det vil bli dugnad på klubbhuset kvar dag framover, frå kl. 17.00 alle kvardagar og frå kl. 11.00 på laurdag. Dei som ønskjer å bidra, er meir enn velkomen og vil få tildelt arbeidsoppgåver etter evne og humør ved ankomst.
Pink Cup 2019
Mandag 10.06 kl 14.00 er vi klar for årets Pink Cup på Sandane Golfklubb. Dette er ei turnering som er open for alle, eit ideelt høve for deg som er litt nysgjerrig på golf og gjerne kunne tenke deg å prøve. Denne dagen kan alle delta!
Veien til golf
Har du eller nokon du kjenner lyst å prøve golf? Å kunne ha muligheta til å gå ei golfrunde heilt i ro og fred eller ilag med gode vener? Eller kanskje få nye bekjentskap underveis? Laurdag 15.06 kl 14.00 har du sjansen! For å ferdast på golfbana må du ha ei innføring i golf, litt reglar og litt spel på bana. Her er ingen skumle prøver eller skremmande krav, rett og slett berre introduksjon til golf-sporten og veiledning på korleis du kan mestre golf.
Resultat frå sommarturnering runde 3 onsdag 05.06.2019
Strålande oppmøte på dagens sommarturnering, heile 28 påmelde! Mange gode scorar, Margunn og Karl Erik vann kvar sine klasser med 20 poeng. Beste junior idag var Artid med 9 poeng.