Det har vore kalt i ein lengre periode og telen er komen i jorda, derfor har det vært mulig å bruke traktor og gravemaskin på golfbana denne veka. I dammen mellom hol 2 og 3 har ein fjerna ca 15 store traktorlass med jord.
Turneringar på Trackman Simulator
Sjølv om det går fint å spele ute ei stund til, går utandørs-sesongen mot slutten. Då er det godt å tenkje på, at vi har to golfsimulatorar innandørs, som vi kan spele vidare på!
Resultat frå turnering 1.oktober
5 spelarar deltok på turnering i dag. Bjarne Rygg vann, med 43p. Andreplassen gjekk til Jo Inge Solberg, med 41p og Paul Remi Kvandal tok tredjeplassen, med 32p.
Nattgolf fredag 29.sept kl 21.00
Nattgolfturneringa er ei turnering der vi spelar vi mørket, med lysande ballar. Ei utruleg kjekk turnering, som blir ei slags ekstra avslutting av utesesongen.
Resultat frå Eide Bottoms up!
Det deltok 39 spelarar på årets Eide Bottoms up!. Fire lag hadde samme poengsum etter 9 hol, 21 poeng. Best av desse vart Jens Christian Andenæs/Paul Remi Kvandal. Andreplassen gjekk til Harald Buene/Simon Austrheim og tredjeplassen gjekk til Jo Inge Solberg/Kjell Martin Nyheim.
Eide Bottoms Up!
Lørdag 23.sept kl 15.00 er det Eide Bottoms Up!