Golfsesongen har så vidt starta ute og då kan det være lurt å oppfriske regelkunskapen:-)
Regelkurs Nivå 1, er eit nettbasert kurs som dekkar dei mest grunnleggande regelsituasjonane, som kan oppstå ute på golfbana.
Kurset tek føre seg regel 1 til 24. Kurset inneheld også linkar til regelboka, viss du ynskjer å lære meir eller få litt meir utfyllande informasjon. Kvar bolk vert avslutta med ein liten test/oppsummering. Du kan hoppe fram og tilbake i kurset og ta testane oppatt akkurat som du vil.
Viss du ynskjer, kan du ta ein avsluttande test, med 50 spørsmål frå heile kurset, heilt til slutt:)
Følg linken, registrer deg gratis og ta kurset.
Dette er ein fin ting å gjere no medan vi ventar på at ein ny golfsesong skal starte for fullt og er garantert lærerikt.
Lykke til!