Laga frå Nordåsen 2 og Høgenausen møttest i finalen i Grendacupen. Det vart spelt ein match i går og ein match i dag. Høgenausen vann matchen i går, med 4 opp. Det vart litt for mykje for Nordåsen 2 å ta att i dag, men dei vann med 2 opp. Høgenausen er såleis vinnar av Grendacupen 2022, med 2 opp!! På laget spelte Håvard Sandal, Thomas Refvik, Magne Moritsgård og Per Ove Fossheim. Gratulerer!!
Grendacupen har vore svært godt mottatt av dei som har deltatt. Ca 50 spelarar har vore involvert, fordelt på 12 lag. Sjølv om nokre matchar vart avlyst, er det spelt over 50 matchar totalt. Med litt justeringar, er håpet at Grendacupen, vert ei årleg hending.
Link til Resultat: