For ein dag vi har hatt i dag!! 35 spelarar deltok på Rustsvingen i eit strålande vær. I tillegg til at vi har hatt besøk frå 4H klubbar i Gloppen. Ca 20 personar frå 4H har fått lære litt om golf, slå på drivingen, putte og chippe. Mange ivrige og flinke ungdommar, som vi håpar tek turen attende til oss:-)
Rustsvingen vart vunne av Magne Moritsgård og Per Ove Fossheim med 25p. Andreplassen gjekk til Oddbjørn Vee og Bjarte Øvrebø med 23p og tredjeplassen gjekk til Anne Neteland Andenæs og Jens Christian Andenæs med 23p.
Gratulerer!