Sjølv om det går fint å spele ute ei stund til, går utandørs-sesongen mot slutten. Då er det godt å tenkje på, at vi har to golfsimulatorar innandørs, som vi kan spele vidare på!
Trackman simulatoren vil ha ein del lokale turneringar. Du vel sjølv kortid du ynskjer å spele turnering. 13 turneringar er opna for spel frå 1.okt til 31.mars. Det er litt forskjellige turneringsformat – Stableford, Slag med og utan hcp og nokre Parturneringar. Du finn turneringane under Tournaments i hovedmenyen. 1 – 8 spelarar kan spele på ein gang. Kun eit forsøk pr turnering. Tips: Vi anbefalar å spele gjennom bana, før du spelar turneringa. Leit opp bana under Courses.
Turneringsavgift: Senior kr 100,- Junior kr 50,- Betalast i Vipps. Premie ved minimum 4 deltakarar. Alle spelar i samme klasse. Husk å tinge tid i Golfbox/Gimmie appen.
Under ser du turneringane som du kan velge mellom:












