Golfsesongen 2024 nærmar seg og Sandane Golfklubb arrangerar i år fire Vegen til golf-kurs.
Kursa vil gje deg praktisk innføring i kva golf handlar om og omfattar trening i grunnleggjande teknikk, reglar, sikkerheit og etikette på bana. Kursa er inndelt i E-læringskurs (3 timar), praktisk innføring over 2 dagar (5 timar) og spel på bane (4 timar).
Planlagde kursdatoar er:
VTG kurs 1 – Dag 1 30.april kl 18.00 – Dag 2 2.mai kl 18.00 (Ingen ledige plassar)
VTG kurs 2 – Dag 1 28.mai kl 18.00 – Dag 2 30.mai kl 18.00 (Ingen ledige plassar)
VTG kurs 3 – Dag 1 18.juni kl 18.00 – Dag 2 20.juni kl 18.00
VTG kurs 4 – Dag 1 20.august kl 18.00 – Dag 2 22.august kl 18.00 (3 ledige plassar)
Kurshaldarar er Geir Magne Evebø og Martin Hamre.
Vegen til golf (VTG) kostar kr 1500 for vaksne og kr 500 for juniorar. Det året du gjennomfører VTG kurs, får du gratis medlemskap og spelerett ut året. Spelerett betyr at du kan spele fritt på bana.
Aldersgrense for VTG kurs er 13 år og oppover. For dei som er under 13 år tilbyr vi Barne-/Juniortreningar.
Påmelding til post@sandanegolf.no
Om du har spørsmål ring: Sandane Golfklubb mobil 907 42 783