Det er alt for fint ver til å la vere å spele golf. Difor tjuvstartar vi sesongen 2019 med 9 hols slagturnering med hcp førstkomande søndag kl 12.00. Vi feirar sesongstart med sal av vafler, sjokolade, brus og kaffi. Turneringsavgift er kr 100 og kr 50 for juniorar. Dei som ikkje har spelerett betalar greenfee i tillegg. Vi håpar mange nyttar høve og set av litt av palmesøndag til turnering på Sandane Golfpark.
Litt informasjon om første del av sesongen 2019
Då er golfsesongen i gang i strålande ver. Baneeigar melder om nyslegne greenar idag og opning av drivingrangen vert førstkomande laurdag (06.04)
Årsmøte i Sandane Golfklubb
Årsmøtet i Sandane Golfklubb vert halde i simulatorlokala i sentrum fredag 29.03.2019 kl 19.00
Då er taket kome på plass
Siste veka har vi fått i glas og plater på vegg. Taket er og kome på plass så no kan vi ta juleferie.
Gudmar og Arvid har teke ansvar
Då har Gudmar og Arvid teke ansvar og laga krans
Då har vi fått tett tak på klubbhuset
I dag har Re Bygg og Didrik fått taket på klubbhuset tett og alt er klart for å legge takstein.