Det nærmar seg ny sesong. Alle vi som var med til Atlungstad i fjor, var vel einige i at dette var ein kjempesuksess. Så vi prøvar igjen i år. I år vert det 5-7. juni. I år som i fjor har vi huset på Fjetre Gard med sine 12 sengeplassar.
Aktuelt
Dugnad laurdag 07. desember på klubbhuset
Det har vore arbeidd godt med isolering av hovedestasjen dei siste dagane, men det står fortsatt ein del arbeid att. Difor vert det dugnad i morgon laurdag 07.12.
Då er simulatoren opna att og det er klart for Booking i golfbox
Midlertidig stenging av simulatoren
Simulaturen i sentrum vert stengt i dag og til ca medio november.
Eide Buttoms Up vert flytta til laurdag 21.09
Værgudane spelar ikkje på lag med oss denne helga. Difor flyttar vi Buttoms Up til neste laurdag. Dette skal vere ei triveleg sosial turnering og med det været vi har hatt dei siste dagane og meldingane for helga så ventar vi til neste helg. Det ser ut som været betrar seg frå torsdag i neste veke.
Matchplay-finalar
Matchplay-finalane for sesongen 2019 er no ferdigspelt. I bronsefinalen måtte styreleiar Harald Buene sjå seg slått av Nyfrid Eide i ein særs jevn batalje, som vart avgjort etter golfsportens svar på ekstraomgangar. Etter eit ekstra hol, sto Nyfrid igjen som vinnaren.