Aktuelt
Matchplay semifinalar er klare og skal vere ferdigspelt innan tirsdag 10. september
I semifinalen vert det Harald vs Gudmund og Nyfrid vs Jens Christian
Kvartfinalane i matchplay er klare. Frist for å ha spelt matchane er fredag 6. september
Då er åttandedelsfinalane ferdigspelt og oppsettet for kvartfinalane finn de her.
Stor dugnadsinnsats denne veka på bana og i klubbhuset
Etter at Nils Egil, Karl Erik, Oddbjørn og Didrik onsdag fekk flytta all villmarkspanelen under tak er vi no er godt i gong med beising. Onsdag og torsdag var Sølvi, Finn Kristian, Kjell B, Jan Arve og Oddbjørn i sving med beising og i dag er det Martin, Finn Kristian og Oddbjørn som startar dagen med dugnad. Med dette tempoet er det ikkje mange dagar før vi er ferdige med denne jobben. På same tid er Kjell og Karl Erik i sving med arbeid i kjellaren.
Klubbmeistrane for 2019 er kåra
Årets klubbmeisterskap vart spelt laurdag 24.08 og 26 spelarar deltok fordelt på junor, dame, herre og senior. Været var litt variabelt men baneforholda var fine.
Matchplay sluttspel startar mandag 26.08.2019
Då er innleiande runder i matchplay ferdigspelt og her finn de oppsette for åttandedelsfinalane. Dei skal vere ferdigspelt innan fredag 29.08.2019