Endeleg kom den fine vårsola! Og endeleg er drivingrangen open!
No er vi fortsatt oppe i ein pandemi og dette gjer at rangen er opna med ein del restriksjonar. I staden for dei vanlege korgene, er det sett fram plastposar som de kan ha ballane i. Annakvar bås er avstengd og vi tilbyr ikkje utlån av golfkøller.
Sandane golfklubb
Bana er open med restriksjonar
Sandane golfklubb vil åpne bana for spel i morgon kl 12.00. Dersom været held seg vil greener bli slått i morgon tidlig, og dermed er bana fullt spelbar. Det er stadvis vått og ballen kan plugge seg.
Innkalling til årsmøte
Det blir med dette innkalla til årsmøte på klubbhuset 6. mars kl. 19.00. Årsmøtepapira blir sendt ut på e-post seinast ei veke før årsmøtet. Vel møtt!
Klubbtur til Atlungstad 2020
Det nærmar seg ny sesong. Alle vi som var med til Atlungstad i fjor, var vel einige i at dette var ein kjempesuksess. Så vi prøvar igjen i år. I år vert det 5-7. juni. I år som i fjor har vi huset på Fjetre Gard med sine 12 sengeplassar.
Klubbtur til Atlungstad golfklubb på Hamar 30.05 – 02.06.2019
Sommarturnering