Denne helga er det mykje som skjer på golfbana vår. Laurdag er det Fjordacup, ei venneturnering mot naboen i nord, Nordfjord Golfklubb. Fjordacup er ei matchplayturnering over 2 dagar, ei turnering på Sandane og ei på Eid. 8 spelarar frå kvar klubb skal møtast i ulike turneringsformer, denne helga er det Fourball og Texas Scramble. Kiosken vert open frå turneringsstart kl 12.00, så her vil det være mogleg å få seg litt å bite i, ein kaffi eller brus:)
Sandane golfklubb
Resultat Eit Slag Mot Kreft
Alt låg til rette for at det skulle bli ein flott dag på golfbana vår. Sol, blå himmel, høg temperatur og mykje folk. 22 lag var påmeldt på turneringa, der alle inntektene går til kreftsaka. Det var stort engasjement både på tippekonkurransen og puttekonkurransen. Kiosken selde ut det meste av både kaker og vårrullar.
Bli med på Eit Slag Mot Kreft turneringa 2023
Søndag 11.juni frå kl 13.00 til 15.00, arrangerar Sandane Golfklubb, Eit Slag Mot Kreft.
Eit slag mot kreft er ei veldedighetsturnering for kreftsaka.
Sandane Golfklubb har bestemt, at vi ynskjer å gi vårt bidrag til:
• Forskning på kreft med spredning
Heile beløpet som vert samla inn denne dagen, vert gitt til Kreftforeningen.
Lansering av ny app for Golf-Norge
8.mai vart Gimmie, den nye offisielle appen for norske golfare og golfklubbar, lansert. Appen er utvikla av GLFR i samarbeid med GolfBox og NGF.
Hole in One
Registrering av Hole in One (HiO) på Sandane golfklubb si bane.
PRO-timar Laurdag 29.april
Då har vi endeleg fått på plass ein avtale om å tilby PRO-timar. Harald Buene gir golf instruksjon på Lørdag 29.april frå kl 11.00 og utover. Du bestemmer sjølv kva du ynskjer han skal sjå på. Vi håpar mange vil benytte seg av denne moglegheiten til å få litt kyndig instruksjon.